Logokonkurranse
Lag logoen til Sparebankstiftinga Tysnes!
Har du ein kul idé og likar å teikna? Alle kan vere med i konkurransen: skuleklassar, barnehagar, lag,
avdelingar (både bebuarar og tilsette), bedrifter – eller berre du!
Dette ser me etter:
- Ein tydeleg logo som viser at stiftinga vil bidra til trivsel og utvikling i Tysnes
- Design som fungera både digitalt og på trykk (nettside, dokument, t-skjorter, plakatar)
- Logoen treng ikkje vere ferdig utforma grafisk – me jobbar gjerne vidare med den logoen
eller idéen som fenger mest - Logo må ikkje være laga av AI
Premie:
- Vinnarbidraget blir den offisielle logoen og får kr. 50.000,-
- Beste barnehage/avdeling får kr. 10.000,-
- Beste skuleklasse får kr. 10.000,-
Slik sender du inn:
- Ny frist: 21.12.2025
- Send til: post@sparebankstiftinga-tysnes.no
- Merk e-posten med: Logokonkurranse + namn
Legg ved:
- Ei kort forklaring på tankane bak designet – kva logoen skal forestille og kvifor du valde motivet
- Nokre ord om kva premien skal brukast til
Me gler oss til å sjå ditt bidrag – LUKKE TIL!