Personvern

1. Om personvernerklæringa

Sparebankstiftinga Tysnes er oppteken av å ta vare på personvernet til alle som er i kontakt med oss. Denne personvernerklæringa skildrar korleis vi samlar inn, behandlar personopplysningar om deg.

Personopplysningar er opplysningar som direkte eller indirekte kan knytast til ein einskildperson. Behandling av personopplysningar skjer i samsvar med personopplysningslova og EUs personvernforordning (GDPR).

Denne erklæringa gjeld for Sparebankstiftinga Tysnes og hennar behandling av personopplysningar knytt til gåvemottakarar, søkjarar, samarbeidspartnarar, tilsette og tillitsvalde.


2. Behandlingsansvarleg

Sparebankstiftinga Tysnes er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert behandla i stiftinga si verksemd.

Kontaktinformasjon:

Sparebankstiftinga Tysnes  

c/o Audun Magnussen (Styreleiar)

Onarheimsvegen 144, 5694 ONARHEIM

Organisasjonsnr 936 009 662

E-post: audun.magnussen@sparebankstiftinga-tysnes.no

Telefon: 951 89 416


3. Kva personopplysningar vi behandlar

Vi behandlar personopplysningar som er nødvendige for å oppfylle stiftinga sitt føremål og verksemd. Avhengig av din relasjon til stiftinga, kan dette omfatte:


Søkjarar og gåvemottakarar

       Namn, adresse og kontaktinformasjon

       Organisasjonsnummer eller fødselsnummer (ved utbetaling av gåver)

       Bankkontoinformasjon for utbetaling

       Opplysningar om det omsøkte prosjektet eller føremålet

       Relevant dokumentasjon vedlagd søknad

       Korrespondanse knytt til søknad og gåvebehandling


Tilsette og tillitsvalde

       Namn, adresse og kontaktinformasjon

       Fødselsdato (nødvendig ved registrering i offentlege register)

       Verv og representasjonsforhold

       Godtgjersle og honorar

       Bankkonto informasjon


Vitjande på nettside

       IP-adresse og informasjonskapslar (cookies)

       Informasjon om bruk av nettsida (sidevisningar, klikk o.l.)

       Kontaktinformasjon dersom du tek kontakt via skjema


4. Føremål og rettsleg grunnlag for behandlinga

Vi behandlar personopplysningar til følgende formål og med følgende rettsleg grunnlag:


Behandling av gåvesøknader

Føremål: Vurdere og behandle søknader om gåver og tilskot, og administrere utbetaling av innvilga gåver.

Rettsleg grunnlag: Gjennomføring av avtale (GDPR art. 6 nr. 1 b) og berettiga interesse (GDPR art. 6 nr. 1 f).


Rekneskaps- og revisjonsplikt

Føremål: Oppfylle lovpålagde krav til bokføring, rekneskap og revisjon.

Rettsleg grunnlag: Rettsleg forplikting (GDPR art. 6 nr. 1 c), medrekna bokføringslova og rekneskapslova.


Administrasjon av stiftinga

Føremål: Drift av stiftinga, vedlikehald av stiftinga sine registreringar og oppfylling av regulatoriske krav.

Rettsleg grunnlag: Rettsleg forplikting (GDPR art. 6 nr. 1 c) og berettiga interesse (GDPR art. 6 nr. 1 f).


Kommunikasjon og marknadsføring

Føremål: Informere om stiftinga si verksemd, lyse ut søknadsfristar og kommunisere med interessentar.

Rettsleg grunnlag: Berettiga interesse (GDPR art. 6 nr. 1 f).


5. Deling av personopplysningar

Sparebankstiftinga Tysnes deler berre personopplysningar med tredjepartar når det er nødvendig og i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.

Vi kan dele personopplysningar med:

  • Revisor og rekneskapsførar, for å oppfylle lovpålagde krav
  • Offentlege styresmakter og tilsynsorgan der dette er påkravd ved lov
  • Bankar og finansinstitusjonar, i samband med utbetaling av gåver
  • IT-leverandørar og systemleverandørar som behandlar personopplysningar på vegner av stiftinga (databehandlarar)

Vi inngår databehandlaravtalar med alle tredjepartar som behandlar personopplysningar på vegner av stiftinga, for å sikre at behandlinga skjer i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.


6. Overføring til land utanfor EØS

Sparebankstiftinga Tysnes behandlar i utgangspunktet personopplysningar innanfor EØS-området. Dersom det skulle vere nødvendig å overføre personopplysningar til land utanfor EØS, vil dette berre skje dersom det ligg føre eit gyldig overføringsgrunnlag i medhald av GDPR, til dømes ved bruk av EUs standardkontraktsklausular.


7. Lagring og sletting

Vi lagrar personopplysningar berre så lenge det er nødvendig for dei føremåla dei vart samla inn for, eller så lenge vi er pålagde å gjere det etter gjeldande lovgiving.

Typiske lagringstider:

  • Søknadsdokument og korrespondanse knytt til gåver: Som hovudregel 5 år etter at saka er avslutta
  • Rekneskapsmateriale: 5 år i medhald av bokføringslova
  • Styreprotokollar og stiftingsdokument: Vert oppbevarte permanent
  • Informasjonskapslar og nettstadinformasjon: Inntil 12 månader, med mindre anna er angitt i informasjonskapselinnstillingar


Stiftinga vil kontinuerleg sjå til at personopplysningar ikkje vert misbrukte og at dei er korrekte.


8. Rettane dine

Som registrert har du ei rekkje rettar etter personvernlovgivinga. Du kan utøve desse rettane ved å ta kontakt med oss på opplysningane oppgitt i punkt 2.


Rett til innsyn

Du har rett til å få stadfesta om vi behandlar personopplysningar om deg, og i så fall få innsyn i desse opplysningane.

Rett til retting

Du har rett til å få retta personopplysningar om deg som er uriktige eller ufullstendige.


Rett til sletting

Du har i visse høve rett til å krevje at personopplysningar om deg vert sletta ("retten til å verte gløymd"). Retten gjeld ikkje dersom vi har eit lovpålagt krav om å lagre opplysningane.


Rett til avgrensing av behandling

Du har rett til å krevje at behandlinga av personopplysningane dine vert avgrensa i visse situasjonar, til dømes dersom du bestridar riktigheita av opplysningane.


Rett til dataportabilitet

Der behandlinga er basert på samtykke eller avtale, og behandlinga skjer automatisert, har du rett til å motta personopplysningane du har gjeve oss i eit strukturert, allment nytta og maskinlesbart format.


Rett til å protestere

Du har rett til å protestere mot behandling av personopplysningane dine som er basert på berettiga interesse. Vi vil då ikkje lenger behandle opplysningane, med mindre vi kan påvise tungtvegande berettiga grunnar som går føre interessene, rettane og fridommane dine.


Rett til å klage

Du har rett til å klage til Datatilsynet dersom du meiner at behandlinga av personopplysningane dine er i strid med personvernlovgivinga. Kontaktinformasjon til Datatilsynet finn du på www.datatilsynet.no.


9. Informasjonskapslar (cookies)

Nettsida til stiftinga kan nytte informasjonskapslar for å forbetre brukaropplevinga og analysere trafikken på sida. Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert lagra på eininga di.

Vi nyttar følgjande typar informasjonskapslar:

  • Nødvendige informasjonskapslar: Desse er nødvendige for at nettsida skal fungere korrekt og kan ikkje deaktiverast.
  • Analytiske informasjonskapslar: Desse hjelper oss å forstå korleis vitjande brukar nettsida, slik at vi kan forbetre ho. Behandlinga skjer basert på samtykke.

Du kan administrere informasjonskapslar via innstillingane i nettlesaren din. Merk at deaktivering av visse informasjonskapslar kan påverke funksjonaliteten på nettsida.


10. Informasjonstryggleik

Sparebankstiftinga Tysnes tek informasjonstryggleik på alvor og gjennomfører tekniske og organisatoriske tiltak for å verne personopplysningar mot uautorisert tilgang, endring, utlevering eller sletting. Berre dei med tenestleg behov har tilgang til personopplysningar.


11. Endringar i personvernerklæringa

Denne personvernerklæringa vert oppdatert ved behov. Ved vesentlege endringar vil vi varsle råka partar. Gjeldande versjon vil alltid vere tilgjengeleg på nettsida til stiftinga. Vi oppmodar deg til å lese erklæringa jamleg for å halde deg oppdatert.


12. Kontakt oss

Dersom du har spørsmål om behandlinga av personopplysningane dine, ønskjer å utøve rettane dine, eller har andre førespurnader knytt til personvern, kan du ta kontakt med oss:

Sparebankstiftinga Tysnes


c/o Audun Magnussen (Styreleiar)

Onarheimsvegen 144

5694 ONARHEIM

 

E-post: audun.magnussen@sparebankstiftinga-tysnes.no

Telefon: 951 89 416