Vedtekter
Alminnelege reglar
§ 1-1 Firma og forretningskontor
Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Tysnes.
Stiftinga sitt forretningskontor er i Tysnes kommune.
§ 1-2 Føremål
Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for ein
langsiktig og stabil eigarskap i Haugesund Sparebank. Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein
føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning.
Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige føremål. Gjennom disposisjonar skal stiftinga
først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank.
Gjennom verksemda si skal stiftinga ved eigarskapen sin i Haugesund Sparebank, og vidareføring av
sparebanktradisjonane, sikre eit godt lokalt forankra sparebanktilbod i Sunnhordland. Elles kan stiftinga stå for
anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid følgjer av regelverket
for sparebankstiftingar.
§ 1-3 Stiftinga sin kapital
Stiftinga vert skipa med 1.298.092 eigenkapitalbevis kvar lydande på NOK 100 i Haugesund Sparebank og eit
kontantbeløp på NOK 1.500.000.
Stiftinga sin grunnkapital er NOK 112.934.004.
Stiftinga kan ta i mot ytterlegare midlar utover avkastning på stiftinga sin kapital etter samtykke frå styret i
stiftinga. Ei avgjersle om at slike midlar skal leggast til grunnkapitalen, vert teken av generalforsamlinga. Stiftinga
kan ikkje ta i mot midlar dersom det er knytt vilkår til disponeringa som ikkje er i samsvar med stiftinga sitt
føremål.
§ 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån
Stiftinga kan ikkje utferde eigenkapitalbevis, men kan ta opp lån i samsvar med dei rammer som til ei kvar tid går
fram av regelverket for sparebankstiftingar.
2 STIFTINGA SINE ORGAN
§ 2-1 Organ
Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valkomité.
I tillegg kan stiftinga tilsetje ein dagleg leiar.
§ 2-2 Val av generalforsamling
Generalforsamlinga skal ha 6 medlemar og 3 varamedlemar. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegle
kundestrukturen i Tysnes Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser
knytt til sparebankstiftinga si verksemd.
Medlemane og varamedlemane skal veljast av og blant innskytarar med bustadadresse i Tysnes kommune som
dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt innskot i Haugesund Sparebank over eit bestemt beløp
som vert fastsett av styret i stiftinga.
Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme.
Valet skal førebuast av valkomitéen og organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast seinast 14 dagar
før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast elektronisk eller på annan
forsvarleg måte etter styret si nærare avgjersle.
Medlemar og varamedlemar av generalforsamlinga vert valde for 4 år. Vala til generalforsamlinga skal
gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finne stad.
Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Leiar og nestleiar vert valde for 1 år. Val av medlemar eller
varamedlemar til generalforsamlinga skal skje innanfor den til kvar tid gjeldande lovgjevinga. Medlemar og
varamedlemar av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vere tilsette i selskap som konkurrerer med
Haugesund Sparebank. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem ein
varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkommande ut
som varamedlem.
Ved oppretting av stiftinga vel forstandarskapet i Tysnes Sparebank medlemar til generalforsamlinga. Anna kvart
år veljast høvesvis 3 nye medlemar av generalforsamlinga. Etter første gongs val avgjerast det ved loddtrekning
kva medlemar som skal tre ut, og deretter dei som har gjort teneste lengst.
2-3 Møta i generalforsamlinga
Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføre ordinær generalforsamling, første gong i 2026.
Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal
følgjande saker handsamast og avgjerast:
- Val av leiar og nestleiar av generalforsamlinga
- Val av styremedlemar
- Val av medlemar til valkomité
- Fastsetje godtgjersle til medlemar av generalforsamlinga, styret og valkomiteenDok. ref.: 14142603 3/6
- Val av revisor og fastsetjing av revisor si godtgjersle
- Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding
- Vedta etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, medrekna kor stor del av året sitt overskot somskal brukast til gåveføremål
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer til under generalforsamlinga som saksførebuande,rådgjevande eller avgjerande organ. I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsame:
- Endring av stiftinga sine vedtekter
- Vedta omdanning av stiftinga
- Avhending av eigenkapitalbevis i Haugesund Sparebank som stiftinga vart tilført ved skipinga etter § 1-3
- Forvaltning av stiftinga sine midlar i samband med omdanning av Haugesund Sparebank til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av ein vesentleg del av Haugesund Sparebank si verksemd
- Oppløysing av stiftinga
Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemar kalla inn.
Styret kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal kalle inn til
ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemar av generalforsamlinga skriftleg krev det for
å få handsama eit bestemt oppgitt emne.
Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal
handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før
generalforsamlinga.
Ein medlem av generalforsamlinga har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før
møtet i generalforsamlinga vert halde.
Kvar einskild medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga.
Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst 2/3 av medlemane er til stades. Ei avgjersle av generalforsamlinga
krev simpelt fleirtal av dei gjevne stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter.
Avgjersler som nemnt i punkt 9 til 13 krev tilslutnad frå minst 2/3 av alle medlemane av generalforsamlinga. Ei
avgjersle om oppløysing og om å endre vedtektene skal leggjast fram for rette styremakter for godkjenning.
Styreleiar skal møte på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemane og dagleg leiar har møterett.
Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre
personar som vert peika ut av generalforsamlinga mellom dei som er til stades.
§ 2-4 Styret
Stiftinga skal ha eit styre på 3 til 5 medlemar. 2/3 av medlemane skal vere personar med bustadadresse i Tysnes
kommune.
Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene.
Styremedlemar, inkludert styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. Attval kan finne stad.
Ved oppretting av stiftinga vel forstandarskapet i Tysnes Sparebank medlemar til styret.
Samansetjinga av styret skal reflektere samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på
generalforsamlinga. Medlemar og varamedlemar av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til ei kvar tid
gjeldande lovgjevinga.
Medlemar og varamedlemar av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med
Haugesund Sparebank eller eit anna selskap i same konsern som Haugesund Sparebank. Dersom noko medlem
kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlem inn i vedkomande sin stad dersom det er
oppnemnt varamedlemar, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlem som kjem i
nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.
§ 2-5 Forvalting av stiftinga sine midlar
Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærare retningsliner for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine
midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar
tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.
§ 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar
Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt
overskot. Eit rekneskapsmessig underskot er ikkje til hinder for at tidlegare opparbeidd overskot blir nytta som
årets overskot til gåveføremål. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjersle om utdeling til enkelte
gåveføremål.
§ 2-7 Styret si sakshandsaming
Styret skal handsame saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan
trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal behandlast i møte. Dersom det er tilsett dagleg leiar, skal dagleg
leiar møte i styremøta.
Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemane kan krevje at
styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.
Styret kan ta avgjersle når meir enn halvparten av medlemane deltek i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje
ta avgjersle utan at alle styremedlemane, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemar, så vidt mogeleg er gitt
høve til å delta i handsaminga av saka.
Ei avgjersle av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemane som tek del i handsaminga av ei sak, har stemt
for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som
møteleiaren har stemt for.
Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.
§ 2-8 Inhabilitet
Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjersle av spørsmål som har slik særleg betydning for eigen
del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast å ha ei framtredande personleg eller økonomisk
særinteresse i saka.
Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjersla når vedkomande eller nokon
nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller eit føretak som har
økonomisk eller anna framtredande særinteresse i saka, eller når vedkomande i slik eigenskap tidlegare har teke
del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld
disponering av midlar til fordel for det offentlege.
§ 2-9 Representasjon
Styreleiar eller to av styret sine medlemar i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og
spesialfullmakter.
§ 2-10 Dagleg leiar
Styret kan tilsetje dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåvene som skal utførast av den daglege leiinga
tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som
dagleg leiar.
Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningsliner og pålegg styret
har gjeve. Dagleg leiar skal effektuere dei utdelingar stiftinga gjer, og syte for at det blir allment kjent at midlane
stammar frå Sparebankstiftinga Tysnes. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har
mykje å seie. Dagleg leiar skal syte for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at
forvaltinga av stiftinga sine midlar er ordna på ein trygg måte.
Dagleg leiar må ikkje inneha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Haugesund Sparebank eller
eit anna selskap i same konsern som Haugesund Sparebank.
§ 2-11 Valkomiteen
Generalforsamlinga skal velje ein valkomité som består av 3 medlemar, inkludert leiar av valkomitéen. Valet vert
gjennomført mellom generalforsamlinga sine medlemar. Valet gjeld for 2 år om gongen. Ved skiping av stiftinga
vert valkomitéen vald av forstandarskapet i Tysnes Sparebank.
Valkomitéen skal førebu val av medlemar og varamedlemar til høvesvis styret, generalforsamlinga og
valkomitéen. Valkomitéen si innstilling skal grunngjevast.
3 ANDRE TILHØVE
§ 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot
Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som
følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga.
Dok. ref.: 14142603 6/6
Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.
§ 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved avvikling av stiftinga
Ved avvikling skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd og sparebanktradisjonar etter
nærare avgjersler tekne av generalforsamlinga.
Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Haugesund Sparebank si verksemd
under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikta der Tysnes Sparebank dreiv verksemd tidlegare.
Avgjersle om disponering av stiftinga sine midlar ved avvikling skal leggjast fram for rette styremakter for
godkjenning.