Historia – føremål, visjon og verdiar
Kven er Sparebankstiftinga Tysnes?
Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank slo seg saman 1. september 2025 og sparebankverksemda i Tysnes Sparebank er vidareført gjennom Haugesund Sparebank. I den samanheng vart det oppretta ei stifting. Målet for stiftinga er å fremja sparebankverksemd i Tysnes Sparebank sitt marknadsområde. Ved å eiga eigenkapitalbevis skal stiftinga disponera utbyte til ålmennyttige føremål.
Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for ein langsiktig og stabil eigarskap i Haugesund Sparebank. Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning.
Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige føremål. Gjennom disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank.