Me er i gang!
Det er ei stor glede for meg å endelig kunna starta opp 'Sparebankstiftinga Tysnes'.
Stiftinga vil vera ein stor eigar i Haugesund Sparebank, og vil etter kvart få tilført betydelege årlege midlar som skal nyttast til beste for ålmenheta!
Me vil utover hausten og vinteren koma attende med meir info på denne heimesida, om Stiftinga, om vedtekter, om søknadsprosessar og om stiftinga si verka!
Med venleg helsing
Audun Magnussen
Styreleiar
Logokonkurranse
Sparebankstiftinga Tysnes treng logo – og me inviterer her til konkurranse.
Ny frist for innsending: 21.12.2025
Har du ein kul idé og likar å teikna? Alle kan vere med i konkurransen: skuleklassar, barnehagar, lag,
avdelingar (både bebuarar og tilsette), bedrifter – eller berre du!