Etiske retningsliner

1 FØREMÅL

Våre etiske retningslinjer er eit verkemiddel for å sikre at me gjennom fokus på integritet og høg etisk standard sikrar ei uavhengig forvalting av kapitalen i Sparebankstiftinga Tysnes. Sparebankstiftinga Tysnes skal ved bruk av dei etiske retningsliniene fatte gode slutningar og halde høg etisk standard i alle prosessar. Dei skal óg sikre at me ikkje gjev tilskot/investeringar som utgjer ein uakseptabel risiko for at me medverkar til uetiske handlingar eller unnlatingar.

Våre etiske retningslinjer skal vere tilgjengeleg på våre heimesider, og gjeld for alle tilsette, alle tillitsvalde og leigde konsulentar som opptrer på vegne av Sparebankstiftinga Tysnes.


Retningslinjene gir ikkje søkjarar eller tredjepart juridiske rettigheiter.

 

2 VERDIGRUNNLAG

Sparebankstiftinga Tysnes legg stor vekt på å være ærleg og open i heile si verksemd. Me er klar over vår eigen rolle, og at ein organisasjon av denne art i særleg grad er avhengig av tillit frå andre utanfrå. Samfunnets innbyggjarar, det offentlege, media og andre interessentar må til ei kvar tid ha tillit til verksemda si profesjonalitet og integritet.

 

Stiftinga skal etterleve lover og forskrifter, og herunder forvalte de midlar den har til rådigheit over, på en trygg måte. Stiftinga og dens ansatte og tillitsvalte skal ikke på nokon måte anbefale eller ta initiativ til brot på eller omgåing av gjeldande lover og forskrifter.  

 

For å vinne erfaring i spørsmål av etisk karakter, vil me regelmessig revidere regelverket og stimulere til open drøfting av aktuelle etiske problemstillinger.


3 OPENHEIT

Sparebankstiftinga Tysnes skal vere ein transparent organisasjon, og skal arbeida for openheit i alle ledd som ikkje strid mot fortruleg informasjon. Me skal byggja tillit og sikra integritet ved openheit kring verksemda sitt virke, og vere imøtekomande ovanfor alle som er interessert i vårt arbeid.


Det skal vere full transparens ved Sparebankstiftinga Tysnes sine tilskot og investeringar, og allmennheita skal ha innsyn i tildelingar, her under mottakar og storleik. Planar og søknadar skal haldast internt, medan rekneskap og rapportar, som gjev eit utfyllande bilete, skal verte publisert på vår heimeside, lett tilgjengeleg for alle som er interessert. All informasjon som gis om vårt virke skal vere korrekt og påliteleg.

 

4 STYRETS ROLLE OG OPPFØLGING


4.1 Kvar enkelt sitt ansvar

Retningslinjene kan ikkje dekkja alle forhold, og den enkelte må til ei kvar tid vurdera eiga åtferd i samsvar med retningslinjene og kva som er ein etisk handlemåte.

 

4.2 Styreleiars ansvar

Det er styreleiars ansvar å sjå til at alle tillitsvalde er kjend med - og arbeider i samsvar med – Sparebankstiftinga Tysnes sine etiske retningslinjer og fremjar arbeidet med omdømebygging. Styreleiar har også ansvar for at etikk er ein del av opplæringa ved nytt styre.

 

5 TEIEPLIKT

Alle i Sparebankstiftinga Tysnes er pålagt teieplikt. Dette omfattar forretningshemmelegheiter eller anna sensitiv informasjon om søkjarar.


Det skal hentast inn underteikna teieerklæringar frå tillitsvalgteog frå eventuelle konsulentar/rådgivarar som handlar på Sparebankstiftinga Tysnes sine vegne.


Teieplikta gjeld også etter at vedkomande har slutta i tenesta eller arbeidet. Han/ho kan heller ikkje utnytte teiepliktige opplysningar til personleg vinning, av dette i eiga verksemd, i teneste, i arbeid forandre, i private investeringar eller liknande.

 

6 INTERESSEKONFLIKTAR

I alt arbeidet vårt vil det verta lagt særskilt vekt på å unngå at det oppstår uheldige interessekonfliktar. Dersom det kan reisast spørsmål om vår habilitet som fylgje av at vedkomande kan ha kryssande interesser, skal spørsmålet tas opp med styreleiar. Vidare vert det tatt opp i styret, som avgjer habiliteten.

Me vil særleg vere merksame på at nære personlege relasjonar knytt til venskap, sosial omgang og aktivitet i arbeid og fritid lett kan påverke vår uavhengigheit. Under sakshandsaminga vil det difor alltid bli gitt ei fråsegn dersom det er særlege forhold som kan påverka vår uavhengigheit.

7 NØYTRALITET

Sparebankstiftinga Tysnes er uavhengig, med mål om å styrke lokalsamfunnet i distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank. Alle søknadar og henvendingar skal handsamast på ein nøytral måte, der utanforliggjande forhold ikkje har innverknad på sakshandsaminga eller avgjersla.


Våre avgjersler, planar og strategiar skal vere uavhengig av geografisk område innanfor distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank. All handsaming skal vera basert på objektivitet og vera basert på ei kvar tid etablerte retningsliner. Sparebankstiftinga Tysnes skal vere politisk nøytral.

 

8 MANGFALD

Søkjarar/mottakarar skal behandlast imøtekomande og venleg, og gis informasjon om strategiar og regelverk.


Sparebankstiftinga Tysnes aksepterer inga form for trakassering eller diskriminering på bakgrunn av kjønn, religion, rase, nasjonal eller etnisk opphav, kulturell bakgrunn, sosial tilhøyrsle, funksjonshemming, seksuell legning, sivilstand, alder eller politisk oppfatning.


Sparebankstiftinga Tysnes aksepterer heller ikkje usømeleg åtferd som kan oppfattast som trugande eller nedverdigande ovanfor kvarandre eller andre ein har med å gjere som tillitsvalde i Sparebankstiftinga Tysnes.

 

Stiftinga skal på ingen måte støtte opp under menneskehandel eller barnearbeid.
          

9 FORHOLDET TIL SØKERE/LEVERANDØRER/tillitsvalgte/ANSATTE

Ingen i Stiftinga skal la beslutninger, handlinger eller unnlatelser bli påvirket av utilbørlig press eller ‘smøring’ fra parter med egeninteresser, verken eksterne eller interne. Dersom slike tilfeller forekommer, skal forholdet rapporteres uten opphold til styreleder.


Ingen må motta noen form for økonomisk fordel frå nokon av Stiftingas forbindelsar utover sedvanlige oppmerksomhets gåver i tilknytning til dømes jul eller andre spesielle anledningar.


Det som her er sagt gjelder tilsvarande for nærståande, dersom gåva eller fordelen må antas å ha sin bakgrunn i ansettelses forholdet eller vervet som tillitsvalte.


Stiftinga har nulltoleranse for alle former for korrupsjon og økonomiske mislegheiter.

 

Ingen skal utsette andre for mobbing eller sexpress.


10 MARKNADSFØRING og mediekontakt

Sparebankstiftinga Tysnes skal ha ei positiv haldning til media. I vår informasjon ut skal me vere korrekt og etterleva høg etisk standard. Informasjon til media skal forvaltast av styreleiar eller den styreleiar utpeikar i den enkelte sak.


Sparebankstiftinga Tysnes skal vise respekt for andre, og skal i sine fråsegn ikkje nedvurdera, utsetta for ringeakt eller latterleggjera.

Me skal ha ei open marknadsføring og marknadsføra i offentlege kanalar på ein måte som gjer at det ikkje kan stillast spørsmål kring fortrinn av kjennskap/relasjonar til generalforsamling, styre og leigde konsulentar.

 

11 ARBEIDSMILJØ

Stiftinga ønsker å skape et triveleg, positivt, motiverande, utviklande og utfordrande arbeidsmiljø. Forholdet til tillitsvalde i styrande organ skal byggast på gjensidig tillit, samarbeid og openheit for å nå dette målet.

 

12  MILJØ

Sparebankstiftinga Tysnes skal bidra til redusert miljøpåverknad gjennom berekraftig miljøleiing i alle våre prosjekt og skal vere bevisst dei konsekvensar våre slutningar kan få for miljøet.  Me pliktar å ta dette ansvaret for dei områda som me rår over, og skal ikkje direkte eller indirekte bidra til negativ miljøpåverknad ved tildeling av gåver/tilskot til prosjekt/verksemder som bryt med lover, forskrifter og standard knytt til miljø.

 

13 KONKURRANSEUTLØYSING

Sparebankstiftinga Tysnes skal inspirere ‘Tysnessamfunnet’ til utvikling og samspel, og vil etterleve openheit og rettferdig konkurranse i alle marknadar. Likevel skal Sparebankstiftinga Tysnes trå varsamt der eit tilskot kan ha ei uheldig konkurranseutløysing.

 

14 RAPPORTERING

Brot på våre etiske prinsipp kan få konsekvensar for vervet, og i grovare tilfelle leda til avskjed. Dersom nokon av tillitsvalde fattar mistanke om forhold som er i strid med våre etiske prinsipp, skal det varslast til styreleiar. Dersom ein tillitsvald er i tvil om ei problemstilling, sett opp mot dei etiske retningslinene, skal spørsmålet leggast fram for styreleiar.