Framsnakk
Anerkjenning av lokale krefter
PRISAR HEDER OG ÆRE

Kjerneidé
Stiftinga kan dela ut til og/eller utvikla ulike prisar og heidersteikn som løftar fram eldsjeler, førebilete og gode initiativ.
Retning
Eigne prisar i eit lokalsamfunn kan vera eit inspirerande verkemiddel for å skapa kultur for å heia på kvarandre, gi stoltheit, kreativitet, takksemd og framtidstru. Her kan ein gje merksemd til dei i vårt lokalsamfunn som bidreg med optimisme, pågangsmot og engasjement, gjennom frivilleg arbeid, samfunnsansvar og verdiskaping. Stiftinga kan samarbeida med lokale partnarar, utvikla eigne prisar, eller arrangera ein årleg «prisgalla» som set vinnarane, stiftinga og lokalsamfunn på kartet.
Moglege tiltak
- Støtte til ulike prisar
- Årleg prisgalla eller markering i samarbeid med lokale prisar.
- Støtte til eksisterande prisar i lag, organisasjonar og næringsliv
- Heider til enkeltpersonar som bidreg med samfunnsansvar, frivillig innsats eller verdiskaping
Mål
Gjennom utvikling og støtte til prisar vera med og løfta fram og heidra mennesker, initiativ og verksemder som gjer lokalsamfunn rikare
