Realisering av føremålet

1 føremålet

Føremålet til stiftinga er angitt i vedtektene §1-2;

 

‘Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for ein langsiktig og stabil eigarskap i Haugesund Sparebank. Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning.

 

Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige føremål. Gjennom disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank.

 

Gjennom verksemda si skal stiftinga ved eigarskapen sin i Haugesund Sparebank, og vidareføring av sparebanktradisjonane, sikre eit godt lokalt forankra sparebanktilbod i Sunnhordland. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid følgjer av regelverket for Sparebankstiftingar’

 

Vedtektene seier videre i § 2-5 om forvaltning av stiftinga sine midlar;

 

«Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærare retningsliner for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter».

 

Videre seier vedtektenes § 2-6 vedrørande disponering av stiftinga sine midlar;

 

«Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskott. Eit rekneskapsmessig underskot er ikkje til hinder for at tidlegare opparbeidd overskot blir nytta som årets overskot til gåveføremål. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjersle om utdeling til enkelte gåveføremål.»

 

 

2 realisering av føremålet

Realisering av føremålet må skje innafor råma av forsvarleg forvaltning. Styret må føreta ei konkret vurdering av stiftinga sitt behov for forsvarleg eigenkapital og likviditet opp mot aktuelle behov for å kunne realisere føremålet på kort og lang sikt.

Vidare må styret også ta omsyn til stiftingslova §19:

§ 19. Utdeling

Utdeling av stiftelsens midler vedtas av styret. Utdelingene skal være i samsvar med stiftelsens formål.

Det kan ikke foretas utdelinger til oppretteren, til oppretterens nærstående etter § 5 bokstav a, eller til selskap der noen av disse hver for seg eller til sammen har slik bestemmende innflytelse som nevnt i § 4 tredje ledd. Hvis det foreligger særlige grunner, kan Stiftelsestilsynet gjøre unntak fra første punktum.

Er det skjedd utdelinger fra stiftelsen i strid med reglene i første eller annet ledd eller andre bestemmelser i loven, skal mottakeren tilbakeføre det som er mottatt. Aksjeloven § 3-7 første ledd annet punktum og annet ledd gjelder tilsvarende.

 

3 Plan for realisering av føremålet

For å kunne gjennomføre føremålet på ein god måte er det viktig at styret har ein plan for korleis dette skal gjerast. Ein plan vil sikre notoritet rundt styret sine vurderingar, slik at det vert enklare å dokumentere at styret sine disposisjonar har vore forsvarlege.

 

Planen skal hensynta;

  • Lovverk og vedtekter
  • Sparebank tradisjonar
  • Uavhengighet
  • Geografi
  • Kapitalforvaltning instruks
  • Gåveinstruks

 

4 Budsjett

Stiftinga må i siste styremøtet før nytt år godkjenne budsjett for det kommande året, slik at ein har ein plan for korleis ein skal nytte stiftinga sine midlar det kommande året.

 

5 Disponering av overskotet til stiftinga

Det er generalforsamlinga i stiftinga som vedtek disponering av årsoverskotet etter framlegg frå styret, det vil seie avsetjing til gåvefond eller avsetjing som frie midlar til vidare forvalting. Generalforsamlinga kan gi styret fullmakt til disponering av delar eller heile gåvefondet.

 

Ved disponering av resultatet, bør styret vektlegge;

  • Avsetning for det enkelte tildelingsår skjer etter grundig vurdering med utgangspunkt i overskot og rammevilkår.
  • I periodar der bokført eigenkapital er lågare enn verdien av opphavlege eigenkapital målt i faste kroner, skal styret utøve særleg varsemd med omsyn til storleiken på avsetninga.
  • Det resterande beløp disponerast til finansielle investeringar for å vedlikehalde og sikre grunnlaget for framtidig ålmennyttig verksemd.

 

6 Tilleggsdokument for realisering av føremålet

I tillegg til dette dokumentet, er det utarbeidd to tilhøyrande, styregodkjende dokument, som er ein del av denne planen for realisering av føremålet;

 

1.   Kapitalforvaltning instruks 

 

2.  Gåveinstruks 

 

Stiftelsen har videre utarbeida;

  • Styreinstruks
  • Dagleg leiar instruks
  • Etiske retningslinjer
  • Retningslinjer for utkontaktering
  • Retningslinjer for styring av likviditet
  • Fullmaktsmatrise
  • Risikostyring og internkontroll
  • Personvern
  • Valinstruks
  • Nærståande registrering