Spørsmål og svar – Søknadsportal

  • Korleis søkjer eg om gåve/tilskot?

    Du søkjer via søknadsportalen på heimesida vår. Trykk på «Søk om gåve/tilskot», fyll ut skjemaet med informasjon om prosjektet eller tiltaket, og legg ved naudsynt dokumentasjon før du sender inn søknaden.

  • Må eg registrere ein brukarkonto for å søkje?

    Ja, du må opprette ein brukarkonto i portalen før du kan starte ein søknad. Dette gjer at du kan lagre søknaden undervegs og følgje med på status i ettertid.

  • Kan eg lagre søknaden og halde fram seinare?

    Ja, søknaden blir lagra som utkast fram til du sender han inn. Du kan logge deg inn att og halde fram der du slutta.

  • Kva slags vedlegg kan eg laste opp?

    Portalen tek imot vanlege filformat som PDF, Word og biletfiler (JPG/PNG).

  • Eg får feilmelding når eg prøver å laste opp vedlegg – kva gjer eg?

    Sjekk at filformatet er støtta, og prøv gjerne med ein annan nettlesar. Vedvarer problemet, ta kontakt med oss på post@sparebankstiftinga-tysnes.no.

  • Kan eg endre søknaden etter at eg har sendt henne inn?

    Nei, når søknaden er sendt inn, kan ho ikkje endrast. Har du gløymt noko viktig, ta kontakt med oss så hjelper vi deg.

  • Korleis veit eg at søknaden min er motteken?

    Du får ei stadfesting på skjerm og ei kvittering på e-post når søknaden er sendt inn.

  • Kor kan eg sjå status på søknaden min?

    Logg deg inn i portalen med brukarkontoen din, så finn du status under «Mine søknader».

  • Kva om eg har gløymt passordet mitt?

    Bruk lenka «Gløymt passord» på innloggingssida. Du får då tilsendt ein lenke på e-post for å lage nytt passord.

  • Kven kan eg kontakte om eg har tekniske problem med portalen?

    Ta kontakt med oss på post@sparebankstiftinga-tysnes.no, så hjelper vi deg vidare.

Har du fortsatt et spørsmål?