Kulturarv og Skaparglede
Løfta fram dei private kulturelle initiativa
IDENTITET TRADISJON

Kjerneidé
Byggja bru mellom tradisjon og framtid.
Retning
Tysnes har ei rik kulturarv som er viktig for identitet, tilhøyrsle og fellesskap. Stiftinga kan bidra til å styrkja denne arva ved å støtta prosjekt som tek vare på tradisjonar, handverk, historie og kulturmiljø. Dette kan handla om alt frå formidling, reparasjons- og restaureringsprosjekt, til aktivitetsbasert kulturarbeid som skapar stoltheit og glede i lokalsamfunnet. Stiftinga kan òg løfta fram enkeltpersonar som gjer ein verdifull innsats for kulturarva.
Moglege tiltak
- Støtte til prosjekt innan kulturarv, lokalhistorie og tradisjonshandverk
- Formidling og læringsaktivitetar
- Restaurering eller vidareføring av lokale kulturmiljø og kulturminne
- Tiltak som styrkjer lokal stoltheit og felles identitet gjennom kultur og skaparglede
Mål
Å ta vare på og utvikla unik og lokal kulturarv og tradisjon
