Inkludering og fellesskap

Eit samfunn der alle har plass og eigarskap

DELTAKING     MANGFALD    TRIVSEL

Kjerneidé

Alle skal med – fellesskap som byggjer tilhøyrsle, deltaking og trivsel.​

Retning

Utvikling av samfunn der mangfald vert sett som ein styrke, og der alle, uavhengig av alder, funksjonsevne, bakgrunn, økonomi eller livssituasjon kan delta i fellesskapet. Her vil ein setja fokus på inkludering, deltaking og fellesskap som drivkrefter for trivsel og utvikling. Stiftinga kan bidra til å styrkja møteplassar, frivillig aktivitet og sosiale fellesskap som knyt folk saman på tvers av ulikskap. Ein vil vera pådrivar for tiltak som gjer det lettare å delta – både for dei som bur her, og for nye innbyggjarar.

Moglege tiltak

  • Støtte til møteplassar og frivillig aktivitet for alle, uavhengig av ulikskapar​
  • Styrking av lag og organisasjonar gjennom frivilligprogram og samarbeidsinitiativ på tvers for brei deltaking​
  • Prosjekt for interkulturell samhandling og integrering​
  • Ordningar som gjer det enkelt for lokale grupper å starta eigne initiativ knytt til inkludering​

Mål

Eit inkluderande samfunn der alle har moglegheit til å bidra, og der fellesskap er ein verdi i seg sjølv.