Retningsliner for Tysnestalent
1 Føremål
Sparebankstiftinga Tysnes har som definert målsetting i vår strategi eit tydeleg mål om å stetta Talent innafor ulike utøvande områder innafor idrett og kultur. Vilkåra for stønad vil bli nærare definert i dette dokumentet
Sparebankstiftinga Tysnes ynskjer å bidra til større økonomisk forutsigbarheit til talent med som har hatt bustadadresse på Tysnes i minimum 5 år. Sparebankstiftinga Tysnes ynskjer vidare at slik eksponering skal gjeva eit positivt omdømmebidrag for Tysnes.
2 Kven kan søkja
2.1 Idrett
Lovande talent som kan syna til konkrete resultat på sone-, fylke-, nasjonalt- og/eller internasjonalt nivå, Du må vera oppvaksen i Tysnes kommune eller området rundt der tidlegare Tysnes Sparebank hadde si verksemd. Øvre aldersgrense for å kunna søkja og verta tildelt stønad er 30 år.
Skal ein koma i posisjon til å bli vurdert som mottakar av TysnesTalent, må ein over tid, og minimum eitt år, ha vore ein del av regionale (sone), fylke og nasjonale lag. Som enkeltutøvar må du på same måte over tid, og minimum eitt år, kunna syna til resultat i øvre tredjedel av resultatlister.
Deltaking på samlingar og akademi der ein sjølv aktivt har søkt deltaking, gir ingen umiddelbar tilgang til TysnesTalent ordninga
2.2 Kultur
På same måte som innafor idrett, må du syna til klåre resultat og ambisjonar innfor ditt område.
3 Korleis søkja
Søknader med dokumentasjon av resultat, ambisjonar og planar som definert i kapittel 2, skal leverast gjennom Sparebankstiftinga Tysnes sin søknadsportal, på nettadresse:
www.sparebankstiftinga-tysnes.no
Innvilga søknad og gåve gjeld for eitt år om gongen
4 Gåve kandidatur og verdi
Årleg verdi mellom 10.000 og 50.000
NIVÅ Stønad inntil
1 Sone 10.000
2 Fylke 30.000
3 Nasjonalt 50.000
Innvilga årleg sum vert betalt ut i etterkant av vedtak til konto oppgjeven i søknad
- Me oppmodar søkjar til å bera Sparebankstiftinga Tysnes – TysnesTalent logo godt synleg på trenings- og konkurranseklede. Logo vil bli gjort tilgjengeleg vederlagsfritt for kandidaten
- Dersom talent vel å avslutta karriere i løpet av avtaleperioden, skal avtalen avsluttast same året.
- Vert talent dømt for doping, skal heile det mottekne beløpet tilbakebetalast til Sparebankstiftinga Tysnes innan ein månad etter domfelling.
- Felles profilering i media når avtalen vert inngått/tilskot vert gitt.
7 Avtalen sin varigheit
Alle avtalar gjeld for eitt år om gongen
8 Dokumentasjon til søknad
I søknadsportalen vår vil me krevja ymse dokumentasjon frå søkjar. Dømer på slik dokumentasjon kan vera
- Budsjett/plan
- Aktivitetsplan
- Oppnådde resultat siste 3 åra
- Målsetning og ambisjonar
9
rapportering
Årleg kort rapport ved årsslutt som viser oppnådde resultatlister, samt ambisjonar og planar for neste år.
