Gåveinstruks

1 Grunnlag for gåveutdeling

Gåveutdeling til ålmennyttige føremål hadde lange tradisjonar i Tysnes Sparebank. Denne tradisjonen skal stiftinga føra vidare innafor dei rammer som lovverket til ei kvar tid set.

 

Lovgrunnlag og regelverk for gåver til ålmennyttige føremål er definert i:

Lov om finansieringsverksemd (FVL) § 2d-8, 3.ledd:

«En sparebankstiftelse kan etter reglene i § 2b-27 benytte årets overskudd til gaver til allmennyttige formål, særlig for å fremme utviklingen i områder hvor den kapital som er tilført stiftelsen da den ble opprettet er frembragt, eller til avsetning til et gavefond med samme formål.»

 

Sparebankstiftinga Tysnes sine vedtekter § 1-2 Føremål har denne ordlyd:

Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for ein langsiktig og stabil eigarskap i Haugesund Sparebank. Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning.

 

Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige føremål. 

 

Sparebankstiftinga Tysnes sine vedtekter § 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar seier:

Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Eit rekneskapsmessig underskot er ikkje til hinder for at tidlegare opparbeidd overskot blir nytta som årets overskot til gåveføremål. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjersle om utdeling til enkelte gåveføremål. 

 

Det vises for øvrig til Strategien til stiftelsen.


2 Geografiske avgrensingar


Vedtektene § 1-2-andre ledd definerer videre:
Gjennom disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Tysnes Sparebank. 


Styret vil forankra med GF korleis fordeling av gåver mellom ulike geografisk områder skal praktiserast.


3 Kven kan søkja


3.1  Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon

Lag, foreining, stifting frivillig- eller annan organisasjon må vera registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer. Det vil vera ei føremon at søkjarar er registrert i Frivilligheitsregisteret same stad. Unnateke her vil være einskildpersonar innafor kulturformidling, utdanning og talent som definert i Strategien til Stiftinga

 

Det vil ikkje verta gjeve støtte til søknader frå:

  • Lukka medlems organisasjonar
  • Politiske parti

 

3.2 Offentleg sektor

Ved søknader som omfattar offentleg sektor (stat, fylke eller kommune) kan stiftinga støtte nyskapande tiltak og vil vektlegga:

  • Søknader der det elles er lite truleg at prosjektet vil bli realisert utan gåva frå Sparebankstiftinga.
  • At gåva utløyser vesentlege offentlege midlar til prosjektet.

  

 

3.3 Kommersielle aktørar

Ved søknadar frå kommersielle aktørar vil stiftinga vektlegga:

  • At søknaden er innanfor prioriterte føremål.
  • At gåva også utløyser vesentleg eigeninnsats og bruk av eigne midlar.
  • At prosjektet som det vert søkt om midlar til, medfører at gåva går til «sluttbrukar» og ikkje er ei gåve til den kommersielle aktøren si drift, dvs. at prosjektet gåva vert gjeven til, skal vera av ålmennytte.

 

3.4  Private aktørar

Det vil verta vurdert støtte til søknader frå private aktørar innafor kulturformidling, utdanning og talent, som definert i Strategien til Stiftinga

 

4 Kva kan ein søkje om gåver til

  • Investeringar, tiltak og prosjekt med varig verdi som kjem mange i lokalsamfunnet til nytte
  • Prosjekt som bidreg til å skape engasjement og inspirerer til dugnadsvilje.
  • Prosjekt som bidreg til å realisera idear og utløyser gode krefter lokalt.
  • Tiltak som er eigna til å auka trivselen og gjera lokalsamfunnet meir attraktivt å bu i og/eller flytte til.

 

Det ein søkjer støtte til, skal vera konkrete tiltak og med klårt uttrykt mål. Gjennomføringsplanen skal ha definert startdato og ferdigstillings-dato.

 

Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjeve støtte til søknader som:

  • Reine driftstilskot som løn, husleige og andre driftskostnader
  • Unntak kan gjerast der stiftinga bidreg i samarbeid med andre, samt har eit tydeleg ålmennyttig føremål.
  • Ferdigstilte prosjekter

 

Sparebankstiftinga har ikkje høve til å delta med sponsormidlar, med krav om gjenyting.

 

Det er eit mål for Sparebankstiftinga å yta bidrag til eit breitt spekter av ålmennyttige føremål. Likevel kan styret i stiftinga peike ut bestemte føremål som skal danna grunnlaget for gåveutdelinga

 

5 Søknadsprosedyre, vurdering og tildeling

Søknadsportalen vil væra open i forhandsdefinerte periodar i året.

Det vil bli tilbode opplæring i Søknadsportalen i forkant av søknadsvinduene. Søknadsfristar kan harmoniserast med Haugesund Sparebank og Tysnes Kraftlag.

 

Gåvesøkjar søkjer direkte på nettstaden til stiftinga via eigen søknadsportal.

 

Alle obligatoriske felt i søknadsskjemaet må vera utfylte for at søknaden skal verta handsama. Det vil bli gitt tilbakemelding ved mottak av søknaden dersom det er formelle feil/manglar slik at dette kan rettast.

 

Det er høve til å leggja ved eigne dokument i søknadsskjema.

 

All kommunikasjon mellom søkjar og stiftinga skal vera via e-post. Det er derfor eit krav at søkjar oppgjer e-post adresse.

 

Søknadene vil bli gjennomgått administrativt og manglar eller uklar informasjon vil bli freista retta i samarbeid med søkjar.

 

Det vil deretter bli ein gjennomgang av søknadene i styret som avgjer søknadene med gåvetildeling eller vedtek avslag på søknad.

 

Avslag på søknader vil ikkje bli grunngjeve. Alle søkjarar får tilsendt skriftleg melding om vedtaket.

 

Informasjon om kven som er tildelt gåver, vil bli lagt ut på stiftinga si heimeside og elles i høvelege media.

 

6 Opplæring i skriving av søknader

Sparebankstiftinga Tysnes vil tilby assistanse og opplæring i søknadsportalen. 

 

7 Koordinering med tysnes kraFtlag as

Sparebankstiftinga Tysnes vil aktivt koordinere søknader mot tilsvarande i Tysnes Kraftlag AS og Haugesund Sparebank. Dette for å ivareta at tildelte midlar til eit tiltak samla sett prinsipielt ikkje skal overskrida 50% av tiltaket sitt totale budsjett.

 

8 Gåvetildeling etter initiativ frå styret

Styret kan på eige initiativ tildela gåver utan at det føreligg søknad. Informasjon om slik tildeling vil bli lagt ut på heimesida til stiftinga og/eller anna høvelege media.

 

9 Utbetaling av tildelte gåver

Styret vil ved handsaming av kvar enkelt gåvetildeling ta stilling til om heile gåvebeløpet skal betalast ut straks, eller om ein skal dela utbetalinga etter dokumentert framdrift i tiltaket/prosjektet. Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil telja med i denne vurderinga.

 

Utbetaling skal i utgangspunktet ikkje skje før prosjektet er fullfinansiert.

 

10 Tilbakemelding frå gåvemottakar

Kvar søkjar som får gåvemidlar pliktar å sende tilbakemelding til stiftinga på det tidspunkt som styret set i tildelingsbrevet, seinast på det tidspunkt prosjektet er gjennomført eller var planlagt gjennomført.

 

Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil her telja med på kva form og innhald attendemeldinga skal ha.

 

11 Rapportering av tildelingar

Stiftinga ønskjer å gje god informasjon til ålmenta om korleis gåvemidlane vert nytta. Informasjon om kvar enkelt tildeling og informasjon om gåvemottakaren og tiltaket stiftinga har støtta, vil derfor verta lagt ut på heimesida til stiftinga. Det er ønskeleg med gode attendemeldingar, gjerne med bilete frå aktivitetane stiftinga har støtta, slik at dette også kan verta eit utstillingsvindauga både for søkjaren og for stiftinga.

Bilde og video som vert nytta i sluttrapportar skal kunna nyttast vederlagsfritt av Sparebank Stiftinga i Stiftinga sitt arbeid.

 

Me oppfordrar alle som mottek gåve frå Sparebankstiftinga Tysnes å nytta Hashtag #StøttarDeg i omtale av tiltaket i sosiale media som Instagram, Facebook, TikTok, mfl.

 

12 Systemkontroll og rapportering

Sparebankstiftinga Tysnes har utvikla ein eigen søknadsportal for alle typar søknader. Denne er å finna på våre heimesider www.sparebankstiftinga-tysnes.no

 

I denne portalen vil alle krav til dokumentasjon av søknad og oppfylging vera omtala. Alle mottakarar skal sende sluttrapport frå prosjektet.

 

Alle tildelingar der tiltaket ikkje er ferdigstilt innan 12 månader vil automatisk bli tilbakeført til Stiftinga, med mindre fylgjande vert informert om:

 

  • Alle mottakarar skal sende statusrapport når tiltaket går over meir enn 12 månadar.
  • Dersom prosjektet ikkje er fullfinansiert og påbegynt innan det er gått 24 månadar frå løyvingsdato, står stiftinga fritt til å omdisponere midlane til andre prosjekt. Godt dokumentert søknad om utsetjing av denne 24-månadars fristen kan bli vurdert.

 

Krav til rapportering:

  • Støtte til aktivitet på inntil kr 10 000 vil ikkje krevje sluttrapport og kvitteringar
  • Søknadar mellom kr 10 000 - 50.000: kopi av kvitteringar og kort sluttrapport.
  • Søknadar mellom kr 50.000 - 500.000: kvittering og prosjektrekneskap underteikna av søknadsansvarleg og ein til som del av sluttrapport.
  • Søknadar mellom kr 500.000 til kr 2.000.000: avtalt kontrollhandling frå revisor eller rekneskapsførar som del av sluttrapport.
  • Søknadar over kr 2.000.000: krav om full revisjon av prosjektrekneskapen som del av sluttrapport.

 

Alle mottakarar skal vera registrert med eige organisasjonsnummer. Private søkjarar identifiserar seg med VIPPS.

 

Sparebankstiftinga forbeheld seg rett til å verifisere konto for utbetaling av bank.

 

Eventuelle omdisponeringar eller endringar av prosjektet sin sluttdato skal godkjennast av stiftinga.